|
|
Telefon turistinformasjon i Røldal 53642033. Utanom opningstida lokalt, vert du viderekobla til turistinformasjonen i Odda.
Om sommaren er Røldal eit vakkert og spennande område for fotturar og fjellvandring . Hardangervidda Nasjonalpark er næraste nabo. Her er utfordringar for alle. Berre ta kontakt med turistinformasjonen eller ei av bedriftene, så får du hjelp og informasjon om det meste.
Kart får du kjøpt på Turistinformasjonen eller Coop Røldal.
Fiske i Røldalsvatnet er fritt. I fjellet treng du fiskekort som du får kjøpt på Shell og i turistinfo. Formann i Røldal Fjellstyre er Magnus Solbakken 53647191
Stavkyrkja ligg i sentrum og den bør du inn å sjå, her heng det undergjerande krusifikset. Kyrkja er frå 1200 talet, og er soleis ei av dei eldste i landet. Les meir under attraksjoner her på sida !
Røldal er og eit bra utgangspunkt for bilturar. Her er knutepunktet for vegane som går til Ryfylke - Hardanger og Telemark.
|
|