Røldal Skisenter er blant Europas mest snørike skisenter, og kan tilby alpin gleda for alle!
Me har fem skitrekk og ein stolheis, og ca 12 nedfartar. I tillegg er her fantastiske muligheter
for frikjøring og laussnø.
Frå ein av Norges høgaste baseområder, 800 m.o.h bringar seks heisar deg heilt opp til 1300 m.o.h.
Heile skisenteret ligg over tregrensa, slik at du ikkje er bunden til trange trasear i skog,
men kan boltra deg akurat der du vil i fjellet ! Grunna vår unike høgfjellsnatur, vil antal nedfartar variera,
men det er normalt ca 12 nedfartar, med samla lengde ca 15 km.
Skisenteret har ein kapasitet på 5680 personar pr. time, og du kjem deg fra bunn til topp på 10 minutter.
| Våre heisar |
Skrå lengde |
Kapasitet |
Høgdeforskjell |
| Fyrsteheisen |
700 m |
900 p/t |
130 m |
| Stolheisen |
1000 m |
980 p/t |
200 m |
| Parallellheis 1 |
900 m |
900 p/t |
160 m |
| Parallellheis 2 |
1280 m |
1200 p/t |
380 m |
| Barneheisen |
280 m |
500 p/t |
30 m |
| Fjellheisen |
1130 m |
1200 p/t |
320 m |
Sesongen varer normalt frå månadskiftet november/desember til andre helga i mai. Men dette er det snøen som avgjer.
Skisenteret ligg på vestsida av den mektige fjellkjeden, Langfjella, dette sikrar rikelig påfyll av nysnø. Av og til kan det sjå ut som all snø dett ned akurat her.
Her er to varmestover, skiutleige og verksted for ski og snowboard.
I høgsesongen preparerar me langrennsløype mot Røldalssåto, 1422 m.o.h, ca 10 km kvar veg.
I tillegg kjøyrer me langrennsløype inn til det mektige Seljestadjuvet.
Andre langrennsløyper finn du på Seljestad og i Røldal sentrum.
Velkommen til Røldal Skisenter. Ei snørik oppleving!